Referat mars 2025

Møte Sogndal idrettsråd mandag 10. mars 2025

Referat Sogndal idrettsråd måndag 10.03.25

  1. 18:00 – 19:30 – Sogndal

Sakliste med referat

  1. Status og tilbakemelding – informasjon om framdrift/status på tidlegare saker
    1. Status i høve årsmøte og arbeidsoppgåver – sjå punktliste under.
      1. Arbeidet er i rute. Leiar har kontakta valkomiteen og dei har teke til på arbeidet sitt. Renata har ordna med lokale.
    2. Samarbeidsavtale Sogndal kommune
      1. Ingrid Ingrid Mork Veland, Rådgjevar Sogndal kommune, orienterte under møte om at
        1. kommunen no har laga eit utkast til avtale og at ho har sendt denne til leiar (Jan Erik) på e-post.
        2. ordførar gjerne vil signere avtalen saman med leiar av idrettsrådet på idrettsrådet sitt årsmøte 27. mai.
      2. Idrettsrådet takka for tilsendt utkast og vil sjå på den fram mot styremøte 22. april og handsame utkastet då.
    3. Intensjonsavtale rehabilitering og tilbygg symjeanlegg Kvåle – spørsmål til Sogndal kommune blei sendt 1. oktober i forkant av kommunestyremøte same veke.
      1. Idretten har lese om kommunen sine økonomiske utfordringar og stiller vil difor stille fyljande spørsmål til kommunen:
        1. Vil intensjonsavtalen om bygging av terapibasseng påverke kommune si evne til å realisere vedtekne idrettsanlegg?
        2. Når er det tenkt at eit terapibasseng skal byggjast og vera ferdigstilt?
      2. Etterlyste svar i e-post 24.10, me har ikkje fått svar enno.
    4. Nettside til SIR
      1. Andrea informera om arbeidet med nettsida, ho har mål om å få nettsida opp å gå til årsmøte 27. mai. At første sak me publisera er frå signering av ny samarbeidsavtale https://www.idrettsråd.no/vestland/sogndal/
    5. Fritidserklæringa, spørsmål til Sogndal kommune om dei kjenner til Fritidserklæringa blei sendt 07.12.24 til Kristin Rundsveen Bøtun, med kopi til Torkjel Kristiansen Solbraa.
      1. Svar frå kommunalsjef «Vi tek denne denne fram for første utval for levekårsmøte på nyåret.». På spørsmål om saka har vore handsama politisk i januar, svara kommunalsjefe «Nei, den har ikkje vore oppe politisk. Vi har eit nytt team som jobber med frivilligheit, og dei gjer ei vurdering om denne.».
      2. Ingrid Mork Veland, Rådgjevar Sogndal kommune, deltok på møte og kunne orientere om at arbeidet er starta opp og at ho er ein delt av den gruppa som jobba med dette.
  • Idrettsrådet formidla tilbake til Ingrid Mork Veland at me gjerne vil vera ein del av fritidserklæringa og signere på vegen av idretten.
  1. Detaljreguleringsplan for Kvåle barnehage
    1. Høyringssvar blei sendt 20. juni 2024 som vedteke
    2. Leiar har prøvd å få avtalt eit møte med kommunen sidan juni. Kommunen har så langt ikkje klart å respondere positivt. Det er sendet e-post til både kommunedirektør og ordførar ved fleire høve (21. juni, 4 juli og 21. august.
  • Leiar tok opp ønske om eit møte med kommunen i telefonsamtale med ordføraren måndag 30.09.24.
  1. Har ikkje fått respons på om kommunen ynskjer å møte oss, men sende ei purring måndag 28.10.2024
  2. Me har ikkje fått svar frå kommunen enno.
  1. Vedtakssaker
    1. Nasjonal kartlegging av behov for idrettsanlegg – høyringsfrist 25.02, men SIR har fått utvida svarfrist. Sjå innspel frå kommune og idrettslag under. https://www.idrettsforbundet.no/contentassets/0593981cf1764a3cb81e7336aa279d14/behovskartlegging-idrettsanlegg-2024.pdf
      1. Vedtak om å sende innspel slik det er formulert i saklista. Same tekst er skrive inn under møtereferatet.
    2. Drøftingssaker
      1. Ingrid Mork Veland, Rådgjevar Sogndal kommune
        1. orientere om oppstart av arbeid med plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
          1. Arbeidet med planarbeidet er starta. Førebels jobba kommunen med prosessplan (plan for planarbeidet) og har mål om å få den godkjent i utval for levekår i løpet av våren 2025.
          2. På spørsmål om idrettsrådet ynskjer å vera ein aktiv deltakar i arbeidet, så er idrettsrådet sitt svar at de ynskjer me.
        2. dialog med SIR om korleis me kan sikre god kommunikasjon og samarbeid oss i mellom
          1. For idrettsrådet er det viktig at me i god tid får oversikt over kommunen sin politiske og administrative prosessar, for at idrettsrådet skal kunne informere og involvere idrettslaga i god tid slik at idretten kan gi gode og forankra innspel til dei kommunale prosessane i tide.
          2. I god tid betyr så tidleg som mogeleg, og helst seinast 3 månadar før høyringsfrist. Idrettsrådet har styremøte kvar 6. veke og styre til idrettslaga har tilsvarande frekvens på sine styremøte. Det betyr at det kan ta opp til 3 månadar å vedta eit høyringssvar frå idrettsrådet som er forankra i idrettslaga.
          3. Idrettsrådet sin leiar formidla til Ingrid Mork Veland at han har sett stor pris på hennar engasjement og oppfølging av saker. At dialogen mellom kommunen og idrettsrådet har styrka seg ytlegare.
        3. Hedda Romberg, Aktivitetsguide Sogndal idrettslag
          1. Krafttak for mangfald og inkludering går mot slutten. Aktivitetsguide Hedda informerte om og svara på spørsmål om deira arbeid og erfaringar.
            1. Hedda kunne fortelje at
              1. Erfaringane til Aktivitetsguiden er at deira arbeid gir resultat. Siste halve året ha dei hjelp mellom 40 og 50 familiar med kulturelle eller økonomiske barrierar. Vidare at dei har teke ein del «stikkprøvar» der dei ringje til familiar som har fått hjelp for å høyre korleis det går. Tilbakemeldingane er at borna er blitt integrerte.
              2. Erfaringane frå Aktivitetguidar i resten av landet er tilsvarande som i Sogndal.
              3. Sjølv om Aktivitetsguiden i Sogndal er i regi av Sogndal idrettslag, så hjelper dei familiar og born i heile kommunen og dei hjelper dei også inn i andre aktivitetar enn idrett. For Sogndal idrettslag har dette vore viktig frå dag ein.
              4. Stabil finansiering er viktig. T.d. så har Sogndal kommune, som også har ein Aktivitetsguide stoppa arbeidet i tre månadar i påvente av ny finansiering. Slike stopp er uheldig av mange grunnar, ikkje minst for primør målgruppa (familiar med kulturelle og økonomiske barrierar), men også sekundær målgruppa som er kommunale og statlege etatar, skular og institusjonar. Det tar tid å innarbeide kunnskap og medvit om Aktivitetsguiden (mykje av arbeidstida går med til slik informasjon- og relasjonsarbeid). Denne sekundære målgruppa må oppleve at dei lett får kontakt og hjelp hjå Aktivitetsguiden når dei tek kontakt, om ikkje slutta dei å bruke tida si på dette. Så om Aktivitetsguiden hadde vore eit reint kommunalt tiltak, så ville det ikkje har vore noko Aktivitetsguide tilbod i Sogndal kommune no. Konsekvensen vil vera forvitring at dialog og relasjon mellom sekundær målgruppa og Aktivitetsguiden. Det ville ha vore svært uheldig for sekundær målgruppa er ein viktig faktor for å komme i kontakt med primær målgruppa.
            2. Informasjonssaker
              1. Tilskudd Ekstrainnsatsen vår 2025, frist for fordeling er 30. april og informasjonsmøte 12. mars. Idrettsrådet vil gjera si fordeling på møte 22. april.
              2. Faste avtalar om driftstilskot til idrettslag for leige av idrettshall. Utval for levekår har gjort vedtak om å gi eit driftstilskot på kr. 281 483,- til Sogndal idrettsråd får åra 2025 til og med 2027. Det er flott at kommunen forlenga si støtte til idretten med tre år. Det gir føreseielege rammer. Det er samtidig synd at beløpet er redusert med nesten kr. 20 000,- i ei tid der inflasjon er høg og det er dyrtid. Idrettsrådet skulle gjerne ha sett ei auke i tildeling på bakgrunn av dette, og minimum ei indeksregulering av tildelinga.