Illustrasjonsbilete. Foto: Norges idrettsforbund
Illustrasjonsbilete. Foto: Norges idrettsforbund

Tildeling av inkluderingsmidlar

14 idrettslag får tildelt inkluderingsmidlar for å understøtte arbeidet med å inkludere barn og unge som fell utanfor på grunn av sosialøkonomiske årsaker.

Regjeringa løyvde i vinter 100 millionar kroner ekstra til inkludering av barn og unge i idrettsaktivitet, der Voss Idrottstråd vart tildelt 238 000 kr. Midlane skal gå til idrettslag og idrettslaga sitt arbeid med å inkludere barn og unge som fell utanfor på grunn av sosialøkonomiske årsaker. Midlane skal bidra til at foreldrebetalingar og aktivitetar som kostar noko er lågast mogleg slik at alle kan delta.

Voss Idrottsråd mottok totalt 14 søknadar på totalt kr 650 000. Dei 238 000 kr vart fordelt slik:

Bjørgum IL - skigruppa

                                11 727

Bulken IL

                                11 834

Eldar IL

                                19 905

FBK Voss

                                50 000

Hardanger Handbakklubb

                                16 355

IL Ørnar

                                17 657

Viljar IL

                                10 069

Voss bokseklubb

                                  2 500

Voss Elveklubb

                                  5 000

Voss Håndballklubb

                                12 264

Voss IL

                                50 000

Voss Klatrarlag

                                  7 350

Voss skiskyttarlag

                                  7 500

Voss Taekwon-Do Klubb

                                15 838

 

Tildelingskriterier:

Voss Idrottsråd har fått 238 000,- som skal nyttast på tiltak som treff målgruppa best mogeleg i Voss herad. Voss Idrettsråd ynskjer med desse midlane å stimulera idrettslaga på Voss til å etablera eigne ordningar. Ordninga skal vera idrettslaget si eiga økonomiske støtteordning, det er stor fridom til korleis ein ynskjer å organisere ordninga internt. Målgruppa er barn og unge (6-19år) som har behov for økonomisk støtte for å kunne delta i fritidsaktivitet. Støtteordninga skal gå til målgruppa og kan nyttast til utgifter knytt til deltaking i fast organisert aktivitet. Midlane skal gå til målgruppa barn og unge (6-19) som har behov for økonomisk støtt for å kunne delta i fritidsaktiviteten.

Støtteordninga skal organiserast slik at målgruppa ikkje opplever det som stigmatiserande å nytta tilbodet, dvs. klubben skal ikkje stille krav til dokumentasjon av privatøkonomi eller liknande. Støtteordninga kan dekke kostnadar til medlemskap og treningsavgifter, utstyr, cupdeltaking osv.