Voss Idrottsråd har fått 274 870, - som skal nyttast på tiltak som treff målgruppa best mogeleg i Voss herad. Midlane skal gå til idrettslag og til idrettslaga sitt arbeid med å inkludere barn og unge som fell utafor på grunn av sosialøkonomiske årsaker. Midlane skal bidra til at foreldrebetalingar og aktivitetar som kostar noko er lågast mogeleg slik at alle kan delta.
Voss Idrettsråd ynskjer med desse midlane å stimulera idrettslaga på Voss til å etablera eigne ordningar. Ordninga skal vera idrettslaget si eiga økonomiske støtteordning, det er stor fridom til korleis ein ynskjer å organisere ordninga internt.
Målgruppa er barn og unge (6-19år) som har behov for økonomisk støtte for å kunne delta i fritidsaktivitet
Støtteordninga skal gå til målgruppa og kan nyttast til utgifter knytt til deltaking i fast organisert aktivitet.
Midlane skal gå til målgruppa barn og unge (6-19) som har behov for økonomisk støtt for å kunne delta i fritidsaktiviteten.
Støtteordninga skal organiserast slik at målgruppa ikkje opplever det som stigmatiserande å nytta tilbodet, dvs. klubben skal ikkje stille krav til dokumentasjon av privatøkonomi eller liknande.
Støtteordninga kan dekke kostnadar til medlemskap og treningsavgifter, utstyr, cupdeltaking osv.
Idrettslaga veit sjølv best kva medlemer dei har og kvar skoen trykker.
I søknaden ynskjer me informasjon om:
- Namn på lag, kontaktperson, Kontonummmer
- Tal på aktive medlemer i aldersgruppa 6-19 år, antatt tal medlemer i målgruppa(barn og unge 6-19år som veks opp i familie med dårleg økonomi)
- Kva utfordringar har klubben i dag når det gjeld barrierar for deltaking
- Korleis klubben ynskjer å organisere støtteordninga
- Utfordringar ein har i dag
- Søknadssum
- Budsjett
Søknadsfrist er 26. 09 i 2024. Søknad pluss evt. spørsmål vert å senda post@vossidrottsraad.com Midlane vil verta utbetalt etter at søknadane er gjennomgått