Edvard B. Hegbom sitt minnefond

Statuttar for Edvard B. Hegbom sitt minnefond.

1. For a heidra minnet om Edvard B. Hegbom skal privatpersonar, firma, lag og organisasjonar ha høve til a gje gaver. Desse gåvene skal setjast av på eit fond med namnet Edvard B. Hegbom sitt minnefond. Den fonds-kapitalen som vert innbetalt skal plasserast på eigen konto i bank til høgast mogleg rente og stå urørd i framtida. 
 
2. Dei renter den innestaande kapitalen kastar av seg skal årleg nyttast: 
 
a) til ein heiderspris kalla Edvard B. Hegbom sin heiderspris. Denne heidersprisen skal delast ut til ein idrottsleiar styret for fondet meinar har gjort ein framifrå innsats for idrottsarbeidet mellom born og ungdom i Voss kommune. 
 
b) til eitt eller fleire idrottsstipend som skal delast ut til idrottsutøvarar under 18 år på Voss, uansett idrott, som styret for fondet meinar har gjort den største sportslege framgang i føregånde år. Saman med stipendet skal det delast ut eit synleg bevis for tildelinga. 
 
3. Styret for fondet er det til ei kvar tid sitjande arbeidsutvalet for idrottsrådet for idrottslaga på Voss. Styret skal ta avgjerd om kven som skal få utdelt prisen før årsmøtet i idrottsrådet kvart år. Heidersprisen og idrottsstipenda skal delast ut under det årlege arrangementet på idrottsplassen kvar 17.mai eller ved ei anna høvleg tilskiping. 
 
4. Dersom renteavkastinga på fondet ikkje er stor nok til at ein kan oppretthalda storleiken på fondet og samtidig dele ut heiderspris og stipend, har styret fullmakt til å redusere fondskapitalen for å ivareta målsetjinga i pkt. 2 a. og b. I so fall skal tildelinga av heiderspris etter pkt. 2 a ha prioritet.
Dette kan medføre at fondskapitalen på sikt vert oppbrukt og dermed må minnefondet avviklast.
 
5. Styret for fondet pliktar å føra eige rekneskap for fondet. Rekneskapet skal fylgja kalenderaret og avsluttast i god tid før idrottsrådet sitt årsmøte. 
 
Rekneskapet skal reviderast av den valde revisor i idrottsrådet og skal godkjennast av årsmøtet i Voss idrottsråd.
 

2024: Elin Klette, Viljar IL
2023: Anne Karin og Sigbjørn Dugstad, IL Ørnar 
2022: Arnstein Aas, Voss IL 
2021: Lars Fosse, Voss Skiskyttarlag 
2020: Per Kristian Ødegaard, FBK Voss 
2019: Arne Hauso, Voss IL 
2018: Torgils Bryn, Voss  IL 
2017: Terje Mørkve, IL Ørnar 
2016: Nils Dagfinn Dregelid, FBK Voss 
2015: Olav Farestveit, Voss IL 
2014: Tore Bryn, Voss Skiskyttarlag 
2013: Lars Terje Tveito, Voss IL 
2012: Roar Andersen, Voss Freestyleklubb 
2011: Trond Håvard Bjørnstad, Voss IL 
2010: Eva Skjeldal, Bulken IL 
2009: Inga utdeling 
2008: Sigfred Sivertsen, FBK Voss
2007: Svein Inge Styve, IL Ørnar 
2006: Frode Tufte, Bulken IL 
2005: Helge Klette, FBK Voss 
2004: Gunnar Bråten, IL Viljar 
2003: Hermann Skjeldal, Bulken IL 
2002: Odd Bjarne Nesheim, IL Eldar
2001: Stein Wæhle, Voss IL 
2000: Knut Bakketun, IL Viljar
1999: Oddvar Aasheim, FBK Voss 
1998: Nils Inge Haaland, Voss IL 
1997: Terje Risa, FBK Voss
1996: Tore Tvilde, FIL Vossar
1995: Magne Sørestrand, IL Eldar
1994: Anna Marie og Terje Bergstrøm, Voss IL 
1993: Magnhild Tveito Berland, Voss IL 
1992: Gunn Berit Lunde Årvik, Bulken IL 
1991: Atle Bolstad, Bolstad turn- og idrettslag
1990: Bjørn Mæland, FBK Voss
1989: Arvid Inge Skulstad, Voss IL 
1988: Olav Istad, Voss skiskyttarlag