Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om fast tid i kommunale bygg og idrettshaller i Alver kommune gjeldande skuleåret 2023/24. Søknadsfrist er 3.april.
Ein fyller ut søknadsskjema med informasjon om laget og tidene ein ønskjer. Det er styret i laget, eller utpeikt representant som skal søke tid. Det skal berre sendast inn éin søknad pr. organisasjon.
De finn søknadsskjema på Alver.kommune.no under kultur og aktivitet>idrett og kulturbygg
Trykk her for å kome til søknadsskjema
Tildelingsprosessen kan ein lese meir om i Utleigereglementet . Der finn ein mellom anna informasjon om prioritering av ulike grupper dersom ein har søkt same tid.
Det skal ikkje søkast via skulane. Dette gjeld alle lag, organisasjonar, foreiningar osb. som ønskjer fast tid i kommunale idrettsbygg og kulturbygg i Alver kommune.
Helsing
Jan Gunnar Hovden -Idrettskonsulent
Innbyggjarservice: +47 56 37 50 00
Tlf: 46299650