Innkalling til årsmøte i Alver Idrettsråd
Styret i Alver Idrettsråd kallar med dette inn til årsmøte 2022
Stad: Alversund nye skule, Alversund
Tid: Tirsdag 14.juni kl 1900
Det vert omvising på skulen frå kl 1800
Representasjonen frå kvart lag er etter følgjande skala:
Ein(1) representant pr påbegynt 100 medlemmer, avgrensa til maks fem(5) representantar.
Liste over representantar etter medlemstal i 2021 er ikkje klar enno, men Idrettsrådet reknar med kvart lag har oversikt over tal medlemmer pr 31.12.2021. Liste vert sendt ut når ho er klar. Nye klubbar får 1 representant.
Representantane må vera valde på årsmøte i idrettslaget eller oppnemnde av styret.
NB! Kjønnsfordeling, jfr NIF sine lover § 2-4, som m.a. seier:
«(1) Ved val/oppnemning av styre, råd, utval/komité mv. og ved representasjon til årsmøte/ting, skal begge kjønn vere representert. Samansetnaden skal vere forholdsmessig i forhold til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, dog slik at det ved val/oppnemning av meir enn tre personar skal veljast/oppnemnast minst to personar frå kvart kjønn. Regelen gjeld òg der det blir valt meir enn ein varamedlem.»
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vera sendt styret seinast to(2) veker før årsmøtet.
Forslag kan sendast: Alver idrettsråd v/Olav Steinar Namtvedt - e-post: olav-na@online.no
Fullstendig sakliste og andre naudsynte saksdokument med forslag til årsmøtet vert sendt ut seinast ei veke før årsmøtet
Med venleg helsing
Olav Steinar Namtvedt (s) leiar
Merk: Dei som får denne innkallinga må senda ho vidare til den/dei som er valde/vert valde til å representera idrettslaget på årsmøtet.